Vår i verdens beste by
mai 6, 2008
Fuglane syng. Eg vaknar av meg sjølv tidleg om morgonen. Eg bor på lesesalen. Buekorpsa er komne fram. Raude og blå russ tek over gatebildet.
Det er vår i Bergen by, og ifølge yr.no kjem finevêret til å halde fram. Berre sjå her.
Ikkje noko å blogge om
april 29, 2008
Eg blei visst lei nok ein gong. Men eg fann eit sitat i ein annan blogg som eg følte for å dele:
“Har du någonsin funderat över djur i regn, den där pojken i en nybäddad säng och cigaretter som röks i så tysta rum att frasandet fastnar i tapeterna?“
Dette velger eg å sovne til.
Smil.
Ny start
april 24, 2008
Ny blogg på gang. Denne gongen går eg tilbake til røttene mine og tek til å blogge på nynorsk. Hurra!
Eg skal dessutan prøve å oppdatere MINST ein gong i veka, i motsetnad til gamle-bloggen som ikkje har blitt mata sidan desember.
Då eg eigentleg ikkje har noko å skrive, kan de heller høyre songen som har gått på repeat på 107 dei siste vekene: